Send inn dine sommararrangement
Visst er det midt på kaldaste vinteren, men tida er faktisk inne for å sette dato på dine sommararrangement! Brosjyrearbeidet er i full gang, og siste frist for å melde inn ditt arrangement er 1. mars.
Kommunen arbeider no med sommarens arrangementsbrosjyre, som er eit samarbeid mellom dei seks kommunane i Vest-Telemark, pluss Hjartdal. Dersom du har arrangementet ditt klart innan 1. mars, får du gratis plass i brosjyra.
Brosjyra går ut til alle husstandar og alle hytte-eigarar i Vest-Telemark. Den blir også distribuert ut til turistkontor, bensinstasjonar, campingplassar, hotell og andre "turiststader".
Dei tilbydarane som var nemnd i brosjyra i fjor blir automatisk med i år. Så om du ikkje har same tilbod som i fjor sei ifrå. Dersom du ikkje var med i fjor, men har eit tilbod du vil ha med i år, ta kontakt.
Gje din informasjon til Edvard Nesland på tlf: 350 67 166 eller epost:
edvard.nesland@fyresdal.kommune.no
Sist oppdatert 19.02.2010