Informasjonsmøte for næringsdrivande i Fyresdal kommune
Kommunestyresalen i kveld, tysdag 9. mars kl. 18.00
Fyresdal kommune vurderar å setje i gang eit nytt rekrutteringsprosjekt i samarbeid med Placement, som vi tidlegare har hatt samarbeid med.
Prosjektet er tenkt retta spesielt mot arbeidstakarar som vil kunne dekke kommunen og næringslivet sitt behov for arbeidskraft framover, gjerne spissa inn mot spesialkompetanse.
Kommunen ynskjer ein dialog med bedrifter i Fyresdal om dette, og få ei kartlegging av kva bedriftene sjølv ynskjer.
Kommunen inviterar alle interesserte næringsdrivande til informasjonsmøte om dette i framkant av årsmøtet til FNO, i kommunestyresalen tysdag 9. mars kl. 18.00.
Rob Saly frå Placement kjem.
Med helsing
Edvard Nesland
Næringssjef
Sist oppdatert 10.03.2010