English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Samhandlingsreforma

Rett behandling - på rett stad - til rett tid.

Mange etterspør nå innhaldet i denne reforma. Med NAV-reforma friskt i minne, der ein fortsatt har store utfordringar for at ein fullt ut kan hevde at ein har lykkast, er det naturleg å stille seg spørsmålet - enda ei reform ?

Korleis du som brukar vil merke til reforma er vel enda usikkert, men at denne helsereforma vil merkast for oss alle på ein eller annan stad i livet vårt er sikkert. Dei siste åra har det vore ein sterk vekst i spesialisthelsetenesta. Innbyggjarar blir sendt hit og dit over lange avstandar for å få den hjelpa dei treng. Dette blir naturlegvis både dyrt og kan vere ei stor belastning for både pasienten og dei næraste.
Vi har gode døme som t.d. ny dialyseavdeling i Seljord og røntgenutstyr i Vinje som peikar i rett lei. Dvs. at så mange som råd skal få eit tilbod nær der dei bur.
Vi veit og at folk blir eldre og eldre. Vi veit og at livsstilssjukdomar er sterkt tiltakande. Vi får yngre pleiepasientar med kroniske lidingar som diabets, kols og fedme. Dette er grupper som i dag gjerne må reise mykje for å få nødvendig hjelp. Ønskje om at det i større grad er spesialisthelsetenesta som skal gi eit tilbod ute i distirkitet enn kva som er tilfelle i dag er stort både av omsyn til pasienten sitt beste og av omsyn til økonomi.

For å få dette til tenkjer ein seg medisinskfaglege sentra ute i regionane. For vår del kan slike sentra bli etablert i tilknytning til Rjukan sjukehehus, ved å nytte ledig romkapasitet ved Helseregionen sitt psykiatritilbod i Seljord eller andre stader. Målet er å redusere liggetid på dei store kostbare sentralsjukehusa. Ei overføring av pasientane til regionale sentra før dei blir sendt heim til eigen kommune er noko av intensjonen i Stortingsmeldinga.

Reforma krev som i alle samhandlingsprosessar stor vilje til å samarbeide. At vi lykkast med å samhandle på tvers av kommunegrensene er ein forutsetning. Lykkast vi ikkje med det kan reforma gjerne bli utvida til å også omfatte kommunesamanslåing. Dei regionane som lykkast med samhandlingsreforma vil lettast kunne framstå som eit godt område å flytte til. Reforma er difor av særskilt interesse for distrikta. Ei stor utfordring vil det også ligge i å bruke eksisterande ressursar i regionen. Om vi ser heile Vest-Telemark under eit veit vi at vi alt har mykje kompetanse og ressursar som vi må nytte enda betre i tillegg til at primærhelsetenesta skal styrkast gjennom reforma.

I Vest-Telemark er vi nå godt i gang med å få tilsett ein prosjektleiar som skal arbeide på full tid med å etablere ordninga i kommunane. Det er sett ned ei styringsgruppe i regionen og det vil etter kvart bli oppretta andre grupper meir lokalt. Ordførarane i regionen har prosjektansvaret, men ved viktige vegval skal dei respektive kommunestyra involverast.

Det vil etter kvar vere gode høve til å halde seg oppdatert. Både i aviser og andre media vil ein frametter finne informasjon om reforma si utvikling både nasjonalt og meir lokalt.


Ketil O. Kiland
rådmann

Sist oppdatert 09.03.2010