Flyktningar
Fyresdal kommune er nå klar til å ta i mot nye flyktningar. Dei er venta til kommunen etter påske, i slutten av veke 15. Familien er frå Tsjetsjenia. Det er ein familie på seks, mor , far, to gutar og to jenter. Barna er i alderen 3 til 16 år.
Familien har mellombels hatt opphald i Norge, og nokon av dei kan litt norsk. Minste jenta vil gå i barnehagen, dei andre barna på Gimle skule. Foreldra vil etter kvart starte opp med norskundervisning på Telemark Lys saman med dei andre framandspråklege vi har her.
Vi ynskjer familien velkomen til Fyresdal, og håpar dei vil trivast hos oss.
Vi du vite meir om område dei kjem frå kan du lese det her
Sist oppdatert 26.03.2010