Øystad handverk i Fyresdal
Ei gruppe lokale tekstilhandverkarar i Fyresdal har etablert utsalg og verkstad for produkta sine på Øystad. Fyrste opningsdag er måndag 29. mars, og i påska er det ope dei dagane andre butikkar har ope. Velkomen innom.
Øystad er eit sjarmerande lite tun i Folkestadbyen, i same huset som turistinformasjonen held til om sommaren.
4 handverkarar held i dag til på Øystad:
- Twill Design v/Anette Forsdal Halvorsen med one-off kjolar,
- Marit van Delft med dei lekraste sjal og vottar i flotte mønster,
- Hege Stiansen har strikka pulsvarmarar og sjal i tillegg til morosame kjolar og
- Ingun Momrak-Haugan har sydd og trykt saueskinnsfellar i tillegg til bilete som er handtrykk på skinn.
Alt blir presentert i dei trivelege roma i dette sjarmerande huset.
Handverkarane vil sitje på Øystad med arbeida sine og alle er hjarteleg velkomne innom! Fyrste opningsdag er måndag 29. mars, og i påska er det ope dei dagane butikkane har ope, så legg inn litt ekstra tid i påskehandleturen, slik at du får tid til å kome innom Øystad ein tur!
Sist oppdatert 30.03.2010