Detaljregulering
Varsel om oppstart av detaljregulering på Kvipt, Birtedalen – Fyresdal. Vi ynskjer at dei som har interesser i området og meiningar om kva som er viktig å ta omsyn til, gjev innspel om dette innan 3. juni 2010.
I medhald av lov om planlegging og byggesaksbehandling av 27.juni 2008, § 12-8 blir det med dette varsla om oppstart av arbeid med detaljregulering for fritidsbusetnad og vegframføring på vegne av grunneigar av gnr 18 bnr 1 i Fyresdal kommune, Åsmund Kvipt.
Planområdet ligg mellom Kviptetjønn og Midttjønn, og er vist på vedlagt kartutsnitt med avgrensing. Området er i samsvar med kommuneplanens arealdel, vedtatt 23.09.2004.
Målet med planen er å planlegge 4 tomter for fritidsbustader med låg sanitærstandard og ein samleveg for nye og eksisterande tomter.
Planarbeidet vil fylgje dei føresegner og retningslinjer som går fram av gjeldande arealdel for Fyresdal kommune.
Planarbeidet vil starte opp omgående og halde fram utover sommar og haust 2010.Målet er å oversende planframlegg til handsaming i kommunen i løpet av 2010.
Vi ynskjer at dei som har interesser i området og meiningar om kva som er viktig å ta omsyn til, gjev innspel om dette.
Kommentarar/ merknadar til planarbeidet som er sett i gang skal sendast skriftleg til AT- Plan AS, 3870 Fyresdal eller på e-post
kh@atplan.no
innan 3. Juni 2010.
Nærare opplysingar kan ein få ved å kontakte Kathrin Hinz på mobil 47 45 34 52
Sjå kartutsnitt her.
Sist oppdatert 21.04.2010