Kulturprisen og idrettsstipendet 2010
Kulturprisen 2010 vart tildelt Janne S. Fjellheim og Åsmund F. Kvipt og idrettsstipendet 2010 vart tildelt Bendik Aketun. Begge vart tildelt på folkefesta 17. mai.
Begrunning for KULTURPRISEN 2010 – Fyresdal kommune
Kulturprisen 2010 vert tildelt Janne S. Fjellheim og Åsmund F. Kvipt for:
- Flytta til fråflytta gard, og bygd opp Kvipt gjestegard
- Har tatt vare på gamal bondekultur inn i eit moderne forretningskonsept
- Formidla konseptet utover Fyresdals grenser gjennom media på ein levande og framifrå måte
- Tatt vare på gamal matkultur, forteljartradisjon, byggeskikk og kulturlandskapet
- Er flinke til å by på seg sjølv
- Fått Olavsrosa for framifrå arbeid
- Gode ambassadørar for Fyresdal
Begrunning for IDRETTSSTIPENDET 2010 – Fyresdal kommune
Idrettsstipendet 2010 vert tildelt skiskyttar Bendik Aketun for:
- Bendik har vunne 3 norgescup-renn denne sesongen
- Bendik har vunne norgescupen samanlagt for junior 17 år
- Bendik vart norgesmeister i fellesstart i vinter
- Bendik er i tillegg ein flott ambassadør for Fyresdal
Sist oppdatert 26.05.2010