Smil
Spesielle miljøtiltak i jordbruket – søknadsfrist 1. juni og 1. oktober.
Kommunen er tildela kr. 290.000,- for 2010 til spesielle miljøtiltak i landbruket.
Det kan gjevast tilskot til ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø, dette inkluderar freda og verneverdige bygningar i jordbrukets kulturlandskap. Det kan òg gjevast tilskot til rydding og gjerding av gamalt attgrodd kulturlandskap. Eit krav i denne samanheng er at det er bruk for det nyrydda arealet i landbruksnæringa.
Det må søkast på søknadsskjema som kan lastast ned under. Kostnadsoverslag, kart og miljøplan trinn 2 må fylgje søknaden. Dersom du lurar på noko er det berre å ta kontakt med landbrukskontoret.
Trykk her for søknadsskjema.
Rettleiing om ordninga finn du her.
Sist oppdatert 21.05.2010