Gimle skule
Neste skuleår skal 5. - 10. klasse ha skule på hotellet. Grunnen til dette er at Gimle skule skal rehabiliterast/ombyggast. 1. - 4. klasse skal vera att i gamlebygget.
Veke 23 var alle elevar og lærarar med på flyttinga. Småsteget hadde ansvar for å flytte bøker og utstyr frå kjellaren under kontorfløyen, opp i 2. etasje. Her har det vorte mange turar for små føter.
Dei større elevane har hatt ansvar for tøming av alle klasserom, grupperom, små og store oppbevaringsrom , bøker og alt anna som er på ein skule. Dei har og fått dette inn på hotellet. Elevane har vore utruleg flinke. Mykje fysisk aktivitet denne veka på alle.
Takk til alle dei flinke elevane vi har.
Skulen vil og takke lærarane som har gjordt ein fantastisk innsats for å få dette til. Vi må og takke teknisk etat og Telemark Lys for køyring og tunge tak.
Rektor
Torhild V. Mandt
Sist oppdatert 14.06.2010