English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Olsokspelet - "Det kjem ein framand"

Kom til Fyresdal i sommar, og opplev skremmelege troll, kamp på liv og død, og ikkje minst kristninga av Fyresdølane. I Fyresdal feirar vi Olsokdagane med Olsokspelet som høgdepunkt.

Olsokspelet er eit utandørs teater bygd på soger og segner frå Fyresdal og tek oss tilbake til tida kring Olav den Heilage og kristninga av Noreg.

I kveldsmørkret på bygdemuseet i Øyskogen får du oppleve feiande slagscener, blot, kjærleik, kristning, intriger og humor.

23. og 24. juli 2010. Klokka 22.00 i Øyskogen,
Fyresdal bygdemuseum.

Regi og manus: Erlend Tveite
Musikk: Jan-Henrik Storøygard Lie

Pris:
Vaksne kr 200,-
Born (7-15) kr 100,-
Familie (2 + 2) kr 500,-

Kort om innhaldet:
Sommarnatta senkar seg over Fyresdal, livet går sin gang, hestar vert selde og kjøpte, grensesteinar blir flytta, men så kjem ein framand. Han er på veg over heia til Setesdal, men det skurrar i noko av historia han ber på.

Olav den heilage er på si ferd gjennom landet, han fortel om den nye religionen i by og bygd. I Fyresdal har han tenkt å skjemte med Fyresdølane, men alt går ikkje heilt etter planen…


Medverkande:
Regi og manus: Erlend Tveite
Skodespelarar:

  • Bjørn Eivind Åsland
  • Kenneth Åkerland Berg
  • John Magnus Dahl
  • Mange lokale aktørar

Det er mange spenstige, glade og frivillige aktørar med i spelet i år.
Vi takkar alle så langt, og ser fram til spennande Olsokspel og flotte Olsokadagar i Fyresdal.


 

Sist oppdatert 16.08.2010

Olsokdagane i Fyresdal 

 

 Takk til sponsorar:

 

Telemark Kildevann

Ica Nær Fyresdal Mat

Juni Bryggekafeen

Momrak Verkstad

Trend Skreosen

Oleas Hus

Hansen Industrigulv

Joker Grunnvik

Farge og Gåvebua

Fyresdal Bed and Breakfast

Sporten Fyresdal

Statoil Fyresdal