Vil du sjå meir av vakre Fyresdal?
Ta turen over Våmur. Tak med deg termos og noko å bite i. Siste veka har der vore i gang ein flott arbeidsgjeng som har rydda vegetasjonen langs vegen og utsiktspunkt. Dette har ført til at den flotte naturen vi har å by på i Fyresdal kjem enda meir til syne. I tillegg har vi og fått auka trafikktryggleiken da sikten langs vegen har blitt mykje betre.
Vi kan love deg ei flott oppleving i ei vakker morgonstund eller nyt kveldssola med den flottaste utsikt over Fyresvatn og heiområda rundt som du bare kan tenkje deg.
God tur.
Rådmannen
Sist oppdatert 06.08.2010