Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Utfart til Austre Nape

Sundag 25. juli var det i samband med Olsokdagane utfart til Austre Nape i Fyresdal.

Austre-Nape ligg rundt ei mils køyring opp- og innover frå Fyresdal sentrum. Totalt er det 10.000 dekar produktivt skogsområde og 25 ulike bygningar på Austre-Nape.

Den 40.000 dekar store fjelleigedomen med 25 bygningar er Fyresdals største eigedom og selt til forretningsmann og bonde Johan Benad Ugland i Grimstad.

I samband med Olsokdagane 2010 invitera Ugland til omvisning på garden med enkel servering. Ugland var hindra frå å kome, men Bjørn Vedal synte fram og fortalte om framtidsvyer for garden.  

Fyresdal sogelag ved Ragnhild Berge heldt eit foredrag med historisk tilbakeblikk på Austre Nape. Astrid Ormtveit som har skrive foredraget, har gjeve sitt samtykke til at det blir gjengjeve her.


Bjørn Vedal fortel om garden


Fyresdal Sogelag ved Ragnhild Berge tar eit historisk tilbakeblikk
på Austre Nape


Foto: Edvard Nesland

 

 

Sist oppdatert 29.07.2010