Resultat familiesykkelløp
I samband med Olsok blei det arrangert familiesykkelløp på idealtid i Fyresdal.
34 personar deltok på terrengløpet. 20 ungar og 14 vaksne.
Løypa var ca. 5 km, stort sett på skogsveg og terreng.
Det blei sykla på idealtid og dei som deltok blei delt i to grupper 0 til 10 år og 10 år og oppover.
Vilde Aamlid vant i gruppa for 0 – 10 år og Linda Aas Levang vant i gruppa for 10 år og oppover.
Båe to vant kvar sin sykkelhjem og alle ungane fekk kvar si sykkelflaske.
Mi var kjempefornøygd med oppmøte og håper mi får til eit løp til neste år au…
Helsing Sigrunn på Sporten
Sist oppdatert 29.07.2010