Fyresdal på toppen av Kommunebarometeret
Fyresdal kommune – gjer draumen levande!
Som det går fram av kommunebarometeret som er laga av Kommunal Rapport så er Fyresdal mellom dei beste kommunane på nokre viktige områder:
-
Innan kommunal økonomi har vi markert oss. Dette skuldast fyrst og fremst ein god økonomistyring i administrasjonen og eit ansvarleg kommunestyre som arbeider svært grundig med planar, målsettingar og budsjett og årsmelding. Vi har riktignok store utbyggingar på gang som vil koste oss – men dette har vi førebudd oss på, og nyttar i stor grad midlar som står på ”bok”.
-
Innan kultur er vi framleis bland dei beste i landet. Vi har svært engasjera tilsette innan kultur, både på leiing, lærarar, bibliotektilsette og ein nytilsatt kultursækretær som gjer ein umisteleg jobb. Samstundes har vi eit kommunetstyre som veit at kultur er ein viktig bit i eit godt liv. Vi har i tillegg til satsing på kultur for born og unge, eigne midler for kulturtiltak for vaksne som går til å støtte konsertar og liknande som ellers ikkje ville ha vore gjennomført utan.
- Som ein lita påminning så er Fyresdal den einaste stad i Norden skal det vere Fly Inn – kino laurdag 28. august. Som gjekk av stabelen fyrste gongen i fjor.
-
Innan omsorg så er vi også på topp i landet. Som ein av dei med størst grad av fagleg personell og best utnytting av kvar krone til omsorg. Undertekna kan også her sende takka til dei tilsette som stadig arbeider for å bli betre. Som ein del av arbeidet med alle kommunale bygg er det også satt i gang eit arbeid med å planlegge nye sjukeheimsrom. Fyresdal kommune Vil vere godt rusta til å vere med på Samhandlingsreformen.
Fyresdal kommune har likevel eit stort fokus på at vi skal bli betre. Gjennom ulike tiltak, rapporteringar, meldingar, prosjekter og mykje anna så skal vi strekke oss høgare og bli betre.
Vi er framleis den minste kommunen i Fylket, likevel er vi staden der Draumen vert levande!
PS – Det er ikkje storleiken som teller…..
På vegne av kommunestyret vil eg gje honnør til leierar og dei tilsette for at vi er der vi er!
Med helsing
Bjørn Nome
Ordførar
Sist oppdatert 23.08.2010