Musikkbingen har kome til Fyresdal
Musikkbingen kom til Fyresdal 2. september, og blei plassert på austsida av samfunnshuset. Om dette er endeleg plassering er ikkje avklara enno.
Ein musikkbinge er eit øvingslokale på 32 kvadrat med utstyr inni – nok til at band kan bestille tid, ta med gitaren og bassen, koble seg på og spele. I bingen vert det ståande lydanlegg, bass- og gitarforsterkar, elektrisk piano, trommesett og kablar.
Førebels har ikkje utstyret og straumen kome på plass, men når dette er på plass, vil vi ha ei offisiell opning.
Følg med!
Helsing kulturavdelinga
Sist oppdatert 07.09.2010