Hauggrend vassverk
Lekkasjesøk på ledningnettet i Hauggrend frå veke 36/2010.
Vi har no kome i kontakt med eit firma som har erfaring og utstyr til lekkasjesøking på vassnett.
Frå veke 36/2010 vil vi difor starte lekkasjesøk på ledningsnettet i Hauggrend.
I denne samanheng vil det kunne vere behov for å stenge enkelte strekk.
Vi vil difor be abonnentane om å tappe seg naudsynt ”nødvatn”.
Det vil òg kunne oppstå grums i vatnet i samband med stenging og evt. graving.
Dersom enkeltabonnentar har behov som er viktig å ivareta, ver venleg å ta kontakt med underteikna på telefon 957 91 510.
Dersom nokon har observera forhold som kan tyde på lekkasje vil vi vere takksam om dette blir meldt inn til underteikna eller driftsoperatør Åge Momrak på telefon 906 19 712.
Evt. spørsmål kan rettast til:
- Arild Metveit tlf. 957 91 510
- Åge Momrak tlf. 906 19 712
Med venleg helsing
Arild Metveit
sektorsjef plan og teknikk
Sist oppdatert 14.09.2010