English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Barneidrettskulen på tur til Geitnetten

Barneidrettskulen vart flytta frå tysdag til onsdag denne veka grunna foreldremøte for småsteget.

Vi hadde til gjengjeld ein flott tur til Geitnetten med flinke ungar onsdag ettermiddag.

Vi reiste frå ICA kl. 17.30, og køyrde så langt vi kom. Vi gjekk ruta på baksida gjennom skogen. Ungane var i alderen 5-9 år. Ungane er kjempe spreke og vi vaksne prøva å ikkje bli hengande bak!
På toppen kosa vi oss med niste, drikke og litt sjokolade og frukt.

Alle fekk på seg lyktene før nedturen, og det var godt! Det blei nemleg veldig mørkt der inne i skogen! Litt glatt og sleipt, men elles bra.

Takk for turen alle saman! Neste tysdag går turen til Skoret, ta med pylse, vi tenner opp bål i stoga til Aslak Snarteland.

Vel møtt til ny tur!

 

Sist oppdatert 23.09.2010