Kva skjer med Gimle skule?
Arbeidene med om- og tilbygging av Gimle skule har allereie vært i gang nokre månader no.
Så langt har ein gravd ut for og støpt underetasjen mot nord (mot fotballbanen).
Denne etasjen skal innehalde ny garderobe for ungdomsskulen og teknisk rom – bl.a. nytt ventilasjonsrom med kjøling! I hovudetasjen i nybygget skal det som kjent bli ny kantine for skulen.
Vidare er entreprenøren (Veidekke ASA) godt i gang med ombyggingsarbeid i hovudetasjen i kontorfløya – der det fortsatt skal være kontor - og underetasjen som skal huse den nye formingsavdelinga.
Hovudetasjen i ungdomsskolefløya er ein og i gang med, og her skal det fortsatt være klasse- og grupperom for ungdomsskulen og eit større ”kontor”/arbeidsrom for lærarane til desse elevane – samt at det skal bli plass til nytt skulekjøkken litt inn mot kontorfløya.
Det aller meste av rivingsarbeider er no utført, slik at no er det oppbygging av nytt som står for tur. Mykje skal skje fram mot jol – fleire rapportar kjem!
Eivind Spockeli
Prosjekt- og byggeleiar Fyresdal kommune
Sist oppdatert 28.09.2010