Barneidrettskulen i Fyresdal
Tysdag 28. september var Barneidrettskulen på tur til Skøri.
Vi var så heldige at Hege og Kaif Tobias sprang opp før og fyra i hytta til Aslak. Resten av oss gjekk i to puljer oppover. Det er mykje spanande å sjå på vegen opp "ovnen"; flotte utsiktspunkt, bruer og taug til å dra seg opp etter.
Vel framme grilla vi pylser og kosa oss. Malin Aamlid var den yngste som stabba oppover, snart 3 år! Det var godt å få sitte litt i bæremeisen til mamma!
Takk for ein flott tur og takk for lån av hytte, Aslak!
Neste gong skal vi på sykkeltur.
Det blir den 5. oktober, eg har skrive feil på planen! Haustferien er ikkje før 12. oktober.
Møt opp på Gimle, vi syklar Gamleveg bort til Sørbygda. Mogleg det blir litt servering ved Sjørøverskuta før vi syklar tilbake! Vi sjåast!
Med helsing
BIS kontakt, Fyresdal Idrettslag
Monica Sølyst
Sist oppdatert 01.10.2010