Stor elgfare!
Vinterens store snomengder gjer at det står særs mykje elg i dalføret, og vi ber dykk køyre varsamt langs vegane i kommunen.
På grunn av store snomengder og laus sno heilt til lyngen har det trekt særs mykje elg og rådyr ned i hovuddalføret.
Dessverre har dette ført til ei rekkje påkøyrslar i vinter, og vi oppfordrar dykk på det stærkaste til å køyre forsiktig når dykk ferdast langs vegane. Og i år er det ingen unntak;
det er rapportert om kryssande dyr ved Momrak, i Sørbygda og Grunnvik, men spesielt merksam skal dykk vere på strekninga Fantevegen – Bjørnerud, Fantevegen – Granheim og Øyane – Skarkerud.
Ein opplever stadig at ikkje elgen vil ut av vegen når ein kjem med bil. Vær varsam om du skal passere, ofte har elgen sprunge rett i bilen. Det er betre å kome heim nokre minuttar for seint, enn å setje både dykk og elgen i fare!
Sist oppdatert 19.02.2010