Minner om ekstraordinær bandtvang i Fyresdal
Med bakgrunn i dei store snomengdene vi har fått dei seiste dagane, har Fyresdal Kommune no innført ekstraordinær bandtvang.
Med dei store snomengdene vi no opplever i Fyresdal slit viltet med å finne mat for å overleve.
For å redusere energiforbruket står dyra mykje i ro, gjerne i nærleiken av områda det er lettast å finne mat. Hundar som spring lause fylgjer gjerne skuterløyper, bilvegar, eller dyretrakk, og vil i mange høve treffe på til dømes rådyr. Desse vert støkte, og kanskje jaga over lenger strekningar, og forbukar med det unødvendig energi, som dei igjen må hente inn gjennom auka matsanking under til dels vanskeleg tilhøve. Ein har difor valgt å innføre ekstraordinær bandtvang i kommunen, jmf forskrift.
Bandtvangen er absolutt, dvs at det ikkje er noko høve til å ha hunden laus, uansett kor snill og lydig den måtte være! (unnateke er naturleg ettersøkshundar, lavinehundar m.m samt hund som nyttast til lovleg jakt). Ein gjer samtidig merksam på at brot på forskrifta kan verte anmeldt. Sjå for øvrig www.lovdata.no for utfyllande opplysningar.
Fylgjande forskrift er gjeldande fom 20.02.2010;
Ekstraordinær bandtvang, Fyresdal Kommune
Med heimel i lov av 4. juli 2003 nr 74 Hundelova, § 6 andre ledd bokstav f, har Fyresdal Kommune den 19.02.10 fastsett fylgjande forskrift;
Av omsyn til viltet vert det på grunn av ekstraordinære snomengder og vanskeleg mattilgang, innført ekstraordinær bandtvang i heile Fyresdal Kommune. Dette inneber at alle hundar skal haldast i band, eller være forsvarleg innestengt eller inngjerda.
Denne forskrift trer i kraft laurdag 20.02.2010 og gjeld inntil vidare, men ikkje utover 01.04.2010, når ordinær bandtvang etter same lov, §6 fyrste ledd tek til å gjelde.
Hovudutval for landbruk og teknikk
Sist oppdatert 05.03.2010