Lisensfelling på ulv.
Rovviltnemnda i region 2 har opna for lisensfelling på ein ulv i eit samla fellingsområde i sju i kommunar i Aust-Agder og tre kommunar i Telemark. Lisensfellinga er ei skademotivert felling for å førebyggje og hindre framtidig skade på bufe, etter betydeleg skade på sau i Agderfylka og Telemark.
Rovviltnemnda i region 2 Sør-Norge har opna for lisensfelling på ulv i kommunane:
Aust-Agder:
- Evje og Hornes
- Iveland
- Birkenes
- Bygland
- Froland
- Åmli
- Valle
Telemark:
- Fyresdal
- Nissedal
- Drangedal
Lisensfelling er ei skademotivert felling for å førebyggje og hindre framtidig skade på bufe, og er kome på plass etter omfattande skade på sau i Aust-Agder og Telemark. Ulv har gjennom heile sumaren og hausten opprådt i båe Agderfylka og i Telemark. I alt er det påvist 18 sikre + 14 usikre skadetilfelle i Aust-Agder og Telemark, og 39 sikre + 9 usikre skadetilfelle i Vest-Agder.
Kvota er på eit dyr i fellingsområdet.
Vedtaket er samordna med tilsvarande vedtak om lisensfelling i tilstøytande områder i region 1 Vestlandet.
Kvotene sjåast felles og eventuell felling belastas kvota i båe regionar.
Lisensfelling omfattas av grunneigars einerett, og som for øvrig jakt er det difor krav om grunneigers løyve til jakt. I region 2 er perioden for lisensfelling av ulv 1. oktober 2010 – 31. mars 2011.
For å bli lisensjeger må utøvaren være over 18 år og registrera som lisensjeger i Jegerregisteret.
For nærare informasjon om lisensfelling og registrering, sjå www.rovviltportalen.no
Felling og fellingsforsøk skal straks meldas til Fylkesmannen, høvesvis i Aust-Agder eller Telemark.
Felt dyr skal synast for Statens naturoppsyn for kontroll.
Nærare opplysningar som telefonnumre for status og rapportering får ein hjå fylkemennene i Aust-Agder og Telemark.
Foto: Lars Gangås, Statens naturoppsyn
Sist oppdatert 09.12.2010