Vest-Telemark Skikarusell 2010/2011
Fyrste renn i Vest-Telemark Skikarusell gjeng på Åmdals Verk laurdag 8. januar.
Er det nokon i Fyresdal som har lyst til å gå skirenn i år?
Fyrste renn i Vest-Telemark Skikarusell gjeng på Åmdals Verk laurdag 8 januar.
Informasjon om rennet her.
Rennet i Morgedal 27. desember blei avlyst grunna kulde.
Alle renna er opne for deltakarar fom 6 år tom senior.
Full premiering til løparar til og med 9 år på alle enkeltrenna.
Frå 10 år og oppover blir det samanlagt premiering etter at alle karusellrenna er ferdige.
For å få totalpremie må deltakaren ha vore med i fem av sju renn.
Merk at rennet i Byrte også er eit terminfesta krinsrenn slik at premieringa der blir annleis.
Pris per startande er kr 20,- for 6-9 år og kr 30,- for øvrige startande.
NB! Ved snømangel eller andre uforutsette vanskar, kan både stilart, dato og stad for arrangementet endrast.
Etteranmelding seinast 1 time før start.
Fullstendig terminliste finn du her.
Lykke til for dei som har lyst!
Fyresdal Idrettslag
Monica Sølyst

Sist oppdatert 03.10.2011