Fangst av gaupe
Jegerar som skal nytte bås til fangst av gaupe under årets kvotejakt må søkje snarest mogleg om godkjenning av båsen.
Søknaden må sendast til Fylkesmannen innen jaktstart som er 1. februar. I søknaden må det framkome opplysningar om båsens konstruksjon (bildedokumentasjon), plassering (UTM-kartreferanse tatt med GPS) og tilsynshyppigheit. Det kan og søkjast om bruk av bås undervegs i jakta om den som ynskjer å nytte bås ikkje har fått ferdig båsen, eller av andre grunnar ikkje kan søkje innan jaktstart. Fylkesmannen kan i slike tilfelle gi munneleg godkjenning under føresetnad av at det skal brukast bås som er godkjent og dette kan dokumenterast.
Vedlagt ligg utdrag frå forskrift om av kva som er kravet til bruk av bås under kvotejakt på gaupe, samt instruks for godkjenning av bås til gaupe og jerv. Jegerar som skal nytte slik fangstreiskap plikter å setje seg inn i kva for reglar som gjeld for bruk av bås.
Reglar for bruk av bås til fangst av gaupe.
Har du spørsmål, tak kontakt med Aslak Momrak-Haugan eller fylkesmann Odd Frydenlund Steen, tlf 35 58 61 54.
Sist oppdatert 10.01.2011