Legekontoret
Frå januar 2011 har vi gjeninnført ekspedisjonsgebyr.
I teksten for tariffen står: ”Utgifter og arbeid ved forsending etter pasientens ønske av reseptar, rekvisisjonar, henvisninger eller anna per brev, faks, telefon eller e-post. Taksten dekkes ikkje av folketrygda.”
Eigenandelen er fortsatt kr 45,-
Ekspedisjonsgebyr kr 54,-
Til saman kr 99,-
Vi har fortsett mange ubetala rekningar i permen vår frå i fjor, om du kjem innom for å betale slepp du gebyret fram til 1 mars.
Venting på venterommet
Av og til kan vi bli forsinka i avtaler vi har sett opp, det beklagar vi. Då vi er eit legekontor med akuttfunksjonar må vi gjere prioriteringar som gjer at du av og til må vente. Hugs at når det gjelder deg som treng oss mest, er det du som får hjelpen først.
Med helsing oss på helsehuset.
Sist oppdatert 12.01.2011