Skiløypene i Fyresdal
Oppkøyring av skiløypene i Våmur-området er igang.
Fredag og laurdag var John-Erling Helle og skuteren opp og ned lia inn mot Sandvatn for å leggje eit grunnlag for "klatreetappane".
På Laurdag fekk han dugnadshjelp frå løypekomiteen av Harald-Owe og undertegnede.
Rundløypa vart køyrd opp, over Sandvatn og ned langs sørsida av Fisketjørn og tilbake til hytteområda. På grunn av mykje issørpe på Sandvatn vart det køyrd opp ei alternativ løype rundt vatnet. Det var ikkje mogleg å køyre opp løypene vidare innover, men nå som det har kome meir sno og mildvêr satsar vi på å køyre opp meir av løypenettet neste helg.
Ta gjerne turen ut i løypa!
Snohelsing frå Jan A. Ommundsen og løypekomiteen på Våmur.

Her kan du lese om skiløypene i Fyresdal
Sist oppdatert 18.01.2011