English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Skikarusellen er i gang

Årets fyrste skikarusell i ljosløypa på Veum gjekk av stabelen tysdag kveld kl:18.01. 69 ungar frå 2 år og oppover kosa seg i løypene.

Alle som ville fekk nummer, og startaren stod på for dei som ville prøve å starte.

Rita hadde god fyr i bålet og serverte kaffi og varm saft! I år går ansvaret for bålkosen på rundgang mellom foreldre,lista finn du her. De har sjølv ansvar for å bytte om det ikkje passar.

Gong nummer 3 eller 4 skal vi ta tida på dei som har lyst til å prøve det. Det blir spennande! Dei to gongene med skiskyting blir for dei som er med på Barneidrettskulen. Dei andre går i løypa som vanleg.


Vel møtt kvar tysdag kveld kl. 18.00


For Fyresdal Idrettslag

Monica Sølyst, BIS kontakt

Liste over deltakerane finn du her



 

Sist oppdatert 25.01.2011