Uteområde ved Gimle skule - Anleggsarbeid
Fyresdal kommune skal i veke 17 i gang med opprusting av uteområdet ved Gimle skule, arbeida skal vere avslutta innan 15. september 2011.
Vegen mellom kommunehuset og helsehuset, barnehagen og Gardar vil bli heilt/delvis stengt for motorisert ferdsel i samband med desse arbeida.
Fram til den nye vegen vest for samfunnshuset blir opna, omlag 15. juni, vil tikomstveg for motorisert ferdsel til helsehuset, barnehagen og Gardar vere Prestegardsvegen.
Det vil og vere begrensningar på motorisert ferdsel mellom fotballbanen og skulen.
Parkeringstilhøva ved kommunehuset vil i periodar vere begrensa.
Ved evt. spørsmål kontakt sektorsjef Arild Metveit, mobil 957 91 510 eller byggleiar Olav Gisle Noraberg, mobil 416 20 104.
Sjå kart her
Sist oppdatert 14.03.2011