Pilegrimsvandring sommaren 2011
Det blir pilegrimsvandring til Røldal i år også.
Det har vore ein del utfordringar i samband med å få til fellesvandringa mellom Vest – Telemark og Røldal i år, men no er alt klart.
Ein av utfordringane var å finne ein ny prosjektleiar for vandringa, og me fant henne mellom ”våre egne”, Margit Gjørv frå Røldal, ho er vel kjend av alle som tidlegare har delteke på fellesvandringane tidlegare år.
Me oppmodar alle som har tenkt seg å gå pilegrim til Røldal i vår om å melde seg på til Margit Gjørv tlf 53 64 71 16 eller e-postadresse: margjor@online.no.
Det har alt kome påmeldingar, så vert pågangen som før om åra, så ver rask om du vil vera med.
Det er og mogeleg å gå frå Eidsborg den 25.juni. Dei som vil ha ein kortare vandring kan melde seg på og gå frå Vågslid.
Vandringa i år startar opp frå Seljord torsdag den 23. juni og er framme i Røldal fredag 1. juli.
Meldinga om pilegrimsvandringa kjem frå Ragnvald Christenson i laget Pilegrimsvegen til Røldal.
Du finn informasjon om Røldalsvegen på nettsida www.pilegrim.info
Sist oppdatert 21.12.2011