English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

No kan du få skuterløyve på SMS!

Som fyrste kommune i landet prøvar no Fyresdal Kommune ut eit system der du kan få skuterløyve på SMS over mobiltelefonen.

Systemet bygger vidare på ordninga med fiskekort via SMS, som Fyresdal innførte i 2010, og som har vore ein kjempesuksess så langt.

Kommunal sakshandsaming av skuterløyve er på grunn av søknadsmengden svært tidkrevjande. Som eit forsøk på å effektivisere kvardagen innfører vi som ei prøveordning ”SMS-skuter”, i samarbeid med iNatur, Direktoratet for Naturforvaltning og SNO. Ordninga vil bli testa ut fram til 20. april 2011, og deretter evaluerast før neste sesong.

Ordninga vil i fyrste omgang kun vere tilgjengeleg for ordinært køyreløyve, dvs at ein må søkje som før på ervervsløyve, vedløyve og handikapløyve. Forskjellen er likevel stor:

Du kan no via ”SMS-skuter” få løyve til å køyre der du ynskjer, innafor etablerte løyper, og er eit alternativ til opne løypetrasear det så langt har vore vanskeleg å få aksept for.
Med andre ord; Ynskjer du å besøke kammeraten din på Øysæ ein spesifikk dag eller helg, eller i påska, har du no mogleghet til det.

Ordninga er like genial som den er enkel; du sender SMS med dato for turen, utgangspunkt og reisemål, samt navn og adresse til (+47)977 60 268, og får eit tidsavgrensa skuterløyve i retur på SMS. Denne SMS gjeld som skuterløyve ved eventuell kontroll. Merk at all køyring skal foregå langs etablerte løyper!

Slik gjer du:

  • Du ynskjer å dra på helgetur frå Skåltjønn til Øysæ helga 08 – 10 april.

    Send: Skuter08-10.04 Skåltjønn-Øysæ, Olav Normann, adresse, postnummer til (+47)977 60 268

Tenesta vil nødvendigvis koste noko, og med bakgrunn i erfaringstal er det fastsett eit gebyrregulativ som tilseier 3,- kilometeren, uavhengig av antal dagar ein er på tur. Med bakgrunn i løyvet som er gjeve, vil ein så berekne køyrerute i digitalt kartverk, og ettersende SMS-faktura med beløp, kontonummer og KID.
Turen i dømet vil koste 9 km * 2,- = 18,-. 

Vær rask;
For å teste ut ordninga effektivt vil
dei 25 fyrste som nyttar tenesta få gebyrfri SMS!

PS: For å syne at ordninga kan fungere over tid er vi heilt avhengig at du som brukar er lojal mot løyvet som er gjeve, og til det etablerte løypenettet.

Så gjenstår det bare å ynskje dykk alle god tur!




Sist oppdatert 01.04.2011