Ellen Ørnes, kjent antikvitetsekspert kjem til Fyresdal i kveld
tysdag 5. april 2011, kl. 19.00 på samfunnshuset. Ho er kjent som antikvitetsekspert i vekebladet Hjemmet og frå NRK-program om antikviteter og snurrepiperier.
Eit populært konsept er at Ellen Ørnes bed oss take med antikviteter, små eller store, artige eller noko du ikkje veit noko om.
For dei som vil, samlar vi tingane på eit bord og der ho snakkar om det som kjem inn.
Elles blir det og anledning å ta ein prat med Ellen Ørnes i pausa.
Du er sjølvsagt også vekomen utan å ha med nokon ting og.
Hugs å merke tingane med namn.
Ellen Ørnes tek og med seg bøker ho har gitt ut for sal.
Servering av kaffi og kake.
Inngangspengar kr. 100,-.
Medlemmar av Fyresdal bygdekvinnelag gratis.
Alle hjarteleg velkomne til ein triveleg kveld!
Helsing
Fyresdal bygdekvinnelag
Sist oppdatert 05.04.2011