Symjegruppa treng lopper
Symjegruppa arrangerar loppemarknad i år òg, på Bygdedagen 4. juni.
Vi tek imot fine og heile lopper, men ikkje kvitevarer.
I år tek vi også imot fint bruka sommarkjolar og lette jakker.
Loppene kan leverast direkte i Øyskogen fredag 3. juni frå kl 18.00.
Viss du ikkje kan køyre dei ned denne kvelden, så kan vi hente dei for deg ein dag. Ta kontakt med ein av oss dersom du har lopper å gje bort, og ynskjer at vi skal hente dei.
- Ingunn Tovslid: 95 08 58 47
- Gunhild Austjord: 48 86 70 26
- Solveig Johre Rustand: 45 02 45 20
Helsing symjegruppa
Sist oppdatert 11.05.2011