Ni Liv til Fyresdal 29. juli 2011
Rikskjendisane frå Bø, kjem til Fyresdal på opningskonserten til Olsokdagane i år.
Konserten skal vere i Prestegardshagen, vi har bestilt flott vær. Skulle været bli dårleg, tar vi i bruk Samfunnshuset.
Konserten startar kl 19.00
Prisar
kr 200,- pr. vaksen
kr 100,- pr. barn (under 15 år)
kr 500,- maks pr. familie
Det blir sal av kaffe,kake og forfriskningar.
Tak med stol
Det er mogleg å forhandsbestille billettar på e.post: postmottak@fyresdal.kommune.no
Ni Liv, med låtsmed og vokalist Jon Solberg i spissen, er stolte av røtane sin frå Telemark. Og det er nettopp kulturen frå Telemarak som er bakteppe når Ni Liv tar lyttaren med på ei 11-spor-lang reise opp i fjellheimen (jf Hytta), ut på landevegen (jf Gamlevegen heim), ned på sengekanten (jf Fem på ni), og inn i folkesjela (jf Hallingspark). Ni Liv syng om det heimlege, det menneskelege og om dei som ikkje finn hylla si. Ni Liv syng om kjærleiken, villskapen, og om Heimevernet. Ni Liv syng om livsnytaren Ola, om arbeidsnarkomanen Jon Lie og om ho som flyktar frå fortida i ein rusta Pontiac.
www.niliv.no
Sist oppdatert 26.07.2011