Ope møte om revisjonssak i Finndalen
Møtet blir halde i kommunehuset i Valle onsdag 8. juni kl. 19.00 og er ope for alle interesserte
Gjeld krav om revisjon av manøvreringsreglementet for Torsdalsmagasinet (Hovvatn, Fisstøylvatn og Raudvatn) i Valle og reguleringa av Finndølavassdraget og Haukerei kraftverk i Fyresdal.
Møtet blir halde i kommunehuset i Valle onsdag 8. juni kl. 19.00 og er ope for alle interesserte.
Målet med møtet er å førebu krav til NVE om opning av revisjonssak.
Sjå elles heimesida til Valle kommune, www.valle.no og søk Revisjonssak Finndalen.
Torsdag 9. juni blir det synfaring, med frammøte kl. 17.00 ved kommunehuset i Fyresdal. Derifrå blir det felles transport med buss til Torsdalsdammen, Øysæ og andre aktuelle stader langs vassdraget.
Helsing Valle og Fyresdal kommunar og Faun Naturforvaltning, Fyresdal
Her kan du laste ned sjekkliste for eventuelle krav i revisjonssaka for Finndalen og Finndølavassdraget - pdf.dok.
Sist oppdatert 01.06.2011