Val 2011
Førehandsrøysting. Om du ikkje kan røyste på valdagen, kan du røyste på førehand i tida frå og med onsdag 10. august til og med fredag 9. september 2011.
Søndag 11. og måndag 12. september 2011 er det kommunestyre- og fylkestingsval.
Om du ikkje kan røyste på valdagen, kan du røyste på førehand i tida frå og med onsdag 10. august til og med fredag 9. september 2011.
Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ynskjer.
Vel du å førehandsrøyste kan du ikkje røyste om att på valdagen.
Om du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er ført inn i folkeregisteret, må du hugse at røystesetelen din må nå fram til heimstadkommunen din innan valdagen.
Ta med legitimasjon (pass, bankkort eller førarkort) og gjerne valkort!
På Fyresdal pleie- og omsorgssenter(POS) skal det haldas førehandsrøysting tysdag 6. september kl 10:30 – 12:30.
Ambulerande røysting.
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uføre, og då er forhindra frå å førehandsrøyste eller røyste på valdagen, kan etter søknad til valstyret få røyste heime.
Krav om dette må vere motteke i kommunen innan tysdag 6. september.
Tid og stad for førehandsrøysting i Fyresdal kommune:
| Stad |
Dato |
Dag |
Tid |
| Kommunehuset |
10.08 -09.09 Vekene 33 - 36 |
Måndag - fredag Langdag onsdagar |
9:00 - 15:00 9:00 - 18:00 |
Meir informasjon om valet og politiske partiar i Fyresdal finn du her
Sist oppdatert 13.09.2011