English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Vi treng kvarandre denne helga og i tida som kjem.

Hat og ondskap er ein realitet, men i kampen mot dette er det berre det gode vi har som våpen. Johan Nordahl Grieg seier det slik: "Her er ditt vern mot vold, her er ditt sverd. Troen på livet vårt, menneskets verd."

Fyresdal kommune vil utrykke vår sterkaste medkjensle med dei som er råka av terror. Tragedien er så djup at vi alle er råka. Samstundes er dei verdiar som landet er bygd på også ramma av dette. Fyresdal vil ha eit tilbod laurdag kveld for ungdom på samfunnshuset og kykja vil vere open for ljostenning og ettertanke. I tida som kjem skal kommunen gjere det vi kan for å vere til hjelp for dei som treng det.


Ordførar Bjørn Nome

 

Sist oppdatert 23.07.2011