English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Skal du på elgjakt i haust?

Då bør du registrere deg i Jegerregisteret slik at du har moglegheit til å deltake i årets bjørnejakt.

Det er for 2011 gjeve lisens for felling av inntil to bjørnar i rovviltregion 2 (Telemark, Vestfold, Buskerud og Aust-Agder). Som kjend har bjørnen herja fælt i saueflokkane rundt Borsæ/Hallbjønnsekken/Vegardalen, så sjansen er absolutt til stades for at den/dei tek seg ein tur sørover til våre trakter.

Registrering som lisensjeger er svært enkelt: gå inn på linken Registrering som lisensjeger, fyll inn fødselsnummer og jegernummer (dette finn du på jaktkortet ditt), fyll så inn kva rovdyr du ynskjer lisens på, og skriv ut lisensen i papirformat. NB: denne må takast med under all jakt etter rovvilt.


Meir info om lisensjakta finn du på Lisensfelling på bjørn i region 2 for 2011, merk at det er din plikt å halde deg orientert om attståande kvote, og at all lisensjakt krev grunneigars løyve!


Treng du hjelp til å registrere deg tek du kontakt med Aslak Momrak-Haugan, tlf 35067119 / 950 81 325.

Sist oppdatert 22.03.2012