1. klasse-elevar planta 100-årsskogen
Fyrsteklasse-elevane ved Gimle Skule i Fyresdal var fredag 29. oktober i Klokkarhamaren på skogdag. Oppdraget var enkelt: Plant 100 årsskogen til Fyresdal Skogeigarlag! Ein av elevane lurte på om det var ein ny 100-metersskog dei skulle plante...
Fyresdal Skogeigarlag feira 100 år i 2011, og i den samanheng fekk skogeigarlaget 100 grånplanter av Agder Telemark Skogeigarforening. Plantene symboliserar dei 100 åra skogeigarlaget har lagt bak seg, med ei plante for kvart år. Vidare symboliserar dei tida plantene treng for å utvikle seg til store tre vi kan nytte til plank og papir, fortel skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan.
Ifylgje nestleiar i Fyresdal Skogeigarlag Bjørg T. Hopland kom då ideen med at fyrsteklasse-elevane ved Gimle Skule kunne plante dei 100 plantene, og at ein såleis kunne lage ein skogdag for klassa rundt dette. Tanken er no at denne klassa skal ha ein skogdag kvart år, der ein skal fylgje plantene år for år, stelle plantene på ein god måte, og føre ein logg for utvikling av plantene og feltet i sin heilhet heilt til elevane går ut av tiande klasse.
Elevane var utruleg engasjera, og planta skog som om dei aldri hadde gjort ana. Ein såg vel føre seg at ein måtte plante slutten sjølv, men her gjekk det unna! Og plantene vart sett ned med mykje omsorg og lykkeønske, og nokre planter fekk til og med ein klem før neste planteplass blei kartlagt, fortel Momrak-Haugan. Og etter at jobben var unnagjort, smaka det ekstra godt med varme pylser.
Namnet måtte bli «100-årsskogen», seier Momrak-Haugan, som melder at ein har fått mange positive attendemeldingar på tiltaket. Klart dette er positivt, sjå føre deg alt det ein kan spinne på rundt ein slik dag. Og det beste av alt, feltet ligg i den kommunale skogen i Kynjushamaren, og er i rimeleg gangavstand til skulen. Tenk på alt vi kan lage ut av dette, smiler Magni Sæther, klassestyrar for 1. klassingane.
No er det bare å brette opp armane og planlegge neste år!
Sist oppdatert 22.03.2012