Kafédrift i Fyresdal att
Torsdag 15. desember starta kafédrifta opp att i den tidlegare bussgarasjen i Fyresdal. Telemark Lys opnar Teisner Kafé i lokala, og møter med dette eit etterlengta tilbod frå innbyggjarane i Fyresdal kommune.
Telemark lys kjøpte lokala litt tidlegare i haust etter at eit nederlandsk ektepar hadde drive kafé i lokala nokre år. Det nederlandske paret la ned drifta per 1. oktober. Telemark Lys har etter kjøpet både måla og snikra litt, og dersom ein nyttar båe serveringslokala er det plass til omkring 50 gjester. "Reopninga" av kaféen er kjærkomen då Fyresdal kommune ei tid har vore utan serveringsstad i sentrum, bortsett frå Gjestegarden der ein må bestille mat på førehand.
Namnet Teisner har kaféen fått etter båten Teisner som ligg på land ikkje langt unna serveringsstaden. Denne båten frakta folk frå Kilegrend til sentrum på ei tid då det ikkje var bilveg til bygda.
I fyrste omgang vil Teisner Kafé halde ope tysdagar og torsdagar, men det kan bli fleire dagar etter kvart. Det vil mellom anna bli servera varmmat som middag og lunsjrettar, og dei ynskjer t.d. å få til ein fast kompedag i veka. Vi gler oss!
Teisner Kafé vil halde stengt i romjola.
Sist oppdatert 03.01.2012