Ny publikumsteneste om vaksiner
Den 1. desember lanserte Folkehelseinstituttet ei ny sjølvbetjeningsteneste på nett - Mine vaksiner. Tenesta gir dykk ein oversikt over kva slags vaksiner som er registrert på dykk sjølve, samt vaksiner på barn under 16 år. De kan også skrive ut et internasjonalt vaksinasjonskort.
MINE VAKSINER vart til etter initiativ frå Helse- og omsorgsdepartementet i 2010. Initiativet kom i forbindelse med oppretting av den nasjonale helseportalen helsenorge.no. Under www.helsenorge.no/selvbetjening vil de få samla tilgang til fleire elektroniske tenester, slik som å bytte fastlege, få oversikt over eigne elektroniske reseptar og altså nå vaksinasjonar. Mine vaksiner kan også nås direkte på www.fhi.no/minevaksiner.
Desse vaksinane er registrert og vert vist i Mine vaksiner:
- Barnevaksiner: alle som er født i 1995 og seinare vil finne barnevaksinene sine. I 2011 vil det seie alle under 15-16 år.
- Reisevaksiner som er tatt i 2011 og seinare. Gjelder alle aldersgrupper.
- Pandemivaksine (svineinfluensa) som vart gitt i 2009 og seinare. Gjelder alle aldersgrupper.
For å få tilgang til tenesta trengs ein elektronisk ID på høgaste sikkerhetsnivå, det vil seie et smartkort i form av BuypassID eller sikker USB-pinne i form av Commfides e-ID. Informasjon om dette fins på nettsidene.
Meir informasjon om Mine vaksiner
Folkehelseinstituttet vil legge ut ei rekke spørsmål og svar på sine nettsider. Her finner dykk svar på registrering av barna sine vaksiner, sjølve vaksinasjonskortet, registrering av vaksinasjonar og noko generelt om vaksiner. Det vil også være lenker til annen vaksineinformasjon på FHIs nettsider.
Spørsmål om korleis publikum brukar tenesta får ein svar på via nettsidene. I tillegg kan publikum kontakte HELFO som tilbyr telefonsupport for Mine vaksiner. Telefonnummer blir publisert på Mine vaksiner-sidene.
Sjå helsesyster si eiga side for meir informasjon om vaksinering - og t.d. andre emne helsesyster arbeider førebyggjande og helsefremjande innafor.
Sist oppdatert 10.01.2012