English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Ordføraren si side

Næringsutvikling i Fyresdal

Torsdag 25. januar hadde vi besøk frå fylkesordføraren i Telemark og direktør i Innovasjon Norge for Telemark. Dei var heile dagen i kommunen og vitja ulike bedrifter og avslutta dagen med eit folkemøte. Heile 60 personar kom på møtet kor det var mykje og god informasjon og anledning til å kome med ulike innspel.

Det god optimisme og fleire ulike satsingar på gang i Fyresdal. Vi har en rekke gode og nyskapande bedrifter i Fyresdal, men vil gjerne ha enda fleire som satsar. To bedrifter i Fyresdal har utmerka seg særslikt i 2011 ved å bli utnemna til såkalla Gazelle bedrifter. Bedrifter med særskilt god vekst kombinera med god lønnsemd. Dette er ICA nær Fyresdal Mat og Telemark Kildevann.
Gratulerer!

Det er god mogligheiter for hjelp til finansiering av prosjekt som skaper nye arbeidsplassar. Kommunen vil møte ulike initiativ på ein positiv og handlekraftig måte. Vi håper på mange gode initiativ I 2012.

Telemark Kildevann kom med eit særs positivt innspel på næringsmøte. Dei kom med framlegg og tilbod til andre i Fyresdal om å nytte deira transport/lager kapasitet og distribusjonskompetanse slik at mindre bedrifter kan få distribuera og seld sine varer effektivt. Eg håpar nokon nyttar seg av tilbodet.

Fyresdal kommune vil bidra til at næringshagen på brygga vil bli ytterlegare utvida og vi planlegg ny SIVA-søknad ved neste korsveg . Fram til ny søknad til SIVA er sendt vil kommunen take eit økonomisk ansvar for å bidra til realisering.



Erik Skjervagen

Ordførar


 

Sist oppdatert 30.01.2012


Ordførar
Erik Skjervagen



Telefon: 35067107
Mobil: 95036172   
E-post: erik.skjervagen@fyresdal.kommune.no

Tidlegare innlegg:

Januar 2012
Desember 2011
November 2011
Oktober 2011