Desember 2011
Bruk av areal i Fyresdal kommune
Arbeidarpartiet i Fyresdal har i valkampen lova ein meir lempeleg politikk når det gjeld bruk av areal.
Vi vil sjølvsagt levera det vi har lova.
Det er likevel ikkje alt som er ynskjeleg som er mogleg. Grunnen til dette er ulike lovar og regler, samt styring frå Fylkesmann og Fylkeskommunen. Kommunane kan ikkje sjølve fritt styre sitt areal.
Særlege restriksjonar i Fyresdal vil det vere på område kor villreinen har trekk og leveområde (omkring 60% av alt areal i Fyresdal er i nytt planutkast definera som villreinområde). Det vil og vere sterke restriksjonar på område kor det kan vere fornminne av ulik slag. 100m og 50m grense frå vatnet er vel noko alle veit om.
I desse høve vil det ikkje nytte å søkje om byggjeløyve, hyttetomter m.m. for staten styrer strengt.
Det kan vere andre årsaker til at det ikkje vert gjett løyve, men AP vil leggje opp til å vere ein ja-kommune så langt som råd.
Praksis vil etter kvart vise seg.
Ordførar
Erik Skjervagen
Sist oppdatert 09.01.2012