English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Januar 2012

Godt nyttår til alle!

Vi har ei rekke utfordringar i åra som kjem, men har store planar om offensive strategiar for å lukkast.

Som de har sett og høyrt i media får vi liten hjelp frå andre og må basere oss på eigne pengar og ressursar. Økonomien er framleis rimeleg bra i kommunen og gir rom for satsing framover, men stram prioritering er naudsynt.

Vi har fått ein flott ny skule og fantastiske uteområde kring skulen. I framtida må vi bruke skulen som ein aktiv og positiv faktor for tilflytting til kommunen.

Det er tverrpolitisk einigheit om satsing på demensavdeling på POS. Utbygginga vil bli lagt ut på anbod rundt mars og politisk handsaming av tilboda i mai. Så vil tida vise korleis utbygginga vil sjå ut og kor mykje det kostar. Politikarane har lagt føringar på ein kostnadsramme på 35 millionar.

Hotellet er nå teke over av Pinsevennene. Dei har fleire tankar og planar om utvikling framover, men framleis er alt på planstadiet. Vi vil aktivt stø opp om mulige tiltak som har positiv ringverknad for lokalsamfunnet og vil informere om dette etter kvart.

Som de nok veit og har sett i media har vi hatt brann på hotellet. Mellombels overslag på skadane er 3,3-3,5 millionar kroner. Skjønn skal settas og endeleg erstatningssum avgjerast i slutten av januar. Vi var berre forsikra for 1.6 millionar kroner og det overskytande må dekkast av kommunen. Pinsevennane vil sjølv stå for rehabilitering og oppbygging.

SIVA næringshage gjekk i denne omgang til Kviteseid. Vi ynskjer framleis å satse på næringshage i Fyresdal og kjem attende med nye planar om kort tid.

Det er viktig at vi vågar å tru på Fyresdal som ein attraktiv stad å bu også i framtida. Da må vi gjennomføre konkrete og gode tiltak som stør opp om dette.


Ordførar
Erik Skjervagen

Sist oppdatert 30.01.2012