November 2011
No er det budsjett-tid i alle kommunar i landet. Formannskapet i Fyresdal har levera sitt framlegg til budsjett som skal ut på høyring, før kommunestyret vedtek budsjettet 15. desember. Fleire uttaler har kome inn og fleire kjem sikkert.
Mange synes at kommunebudsjett og arbeidet med tal er vanskeleg. I utgangspunktet er det ikkje det, ein kan samanlikne det med eit hushaldsbudsjett heime. Ein må ikkje bruke meir pengar enn ein har kvar månad. Og om du låner mykje for å kaupa til dømes hus eller bil, har ein mindre å leve for kvar månad. Det kan tyde mindre pengar til reiser, klede, ferier eller mat.
Slik er det og i kommunen. For stor pengebruk eit år vil måtte føre til reduksjonar neste år eller kommande år. Det kan vere færre lærarar på skulen, redusert SFO-tilbod, auke i kommunale avgifter med meir.
Alle politikarar ynskjer best mogleg tilbod til sine innbyggjarar. Ingen kan over tid bruke meir pengar enn det ein har (sjølv om det er mogleg over kortare tid).
Det er vi som er politikarar som skal gjere dei endelege prioritering etter ulike innspel frå dykk. Eg er sers merksam på at vi må føre ei ansvarleg økonomisk politikk i Fyresdal og eg vil ikkje bruke meir pengar enn det vi har til rådvelde.
Neste år er budsjettet stramt og det er ikkje rom for auke i driftsnivå eller investeringar. Store skuleinvesteringar og liten auk i driftsramma frå staten syter for det.
Framover har vi store utfordringar på investeringssida når det gjeld Pleie og omsorg, barnehage og kommunehus. Det er trong for både utbetringar og nybygg. Nyleg fekk vi presentera kostnader for planlagt utbygging på Pleie og omsorg. Kostnadene var rekna til 51 millionar kroner brutto. Om vi går inn for dette har vi lite pengar att til andre investeringar dei neste fire åra.
Formannskapet ynskja ikkje å bruke så mykje pengar på POS nå, og vil derfor ha andre og mindre kostnadskrevjande framlegg på bordet før ein tek stilling til utbygging. Det er framleis ei klar haldning om at vi skal byggje ut på POS.
Fram til vi veit kor mykje pengar vi skal bruke på POS vil det vere klokt å vente med andre store investeringar, så veit vi kor mykje vi har til disposisjon.
Når det gjeld driftsbudsjettet i åra framover vil folketalsutvikling avgjere kor mykje pengar vi vil få til dette formålet. Dei nyaste tala frå SSB, som viste 1335 innbyggjarar pr. november 2011, vil få store konsekvensar for Fyresdal om dei ikkje endrar seg til sommaren. Ein slik stor reduksjon i folketalet som vi har hatt i år vil gje ca. 1.500.000 mindre til å drive kommunen for kvart år. Ut frå dette meiner eg at vår viktigaste oppgåve på lang sikt er å oppretthalde folketalet og helst auke det.
Eg vil seinare kome tilbake til korleis eg meiner at vi skal gå fram for å få til dette.
Ordførar
Erik Skjervagen
Sist oppdatert 12.12.2011