Oktober 2011
Eg vil fyrst takke veljarane i Fyresdal for tilliten ved valet. Eg og arbeidarpartiet vil jobbe hardt for å leve opp til tilliten dykk har vist oss.
Eg har god tru på Fyresdal og at vi i framtida skal vere ein aktiv og livskraftig kommune kor det er godt å bu.
Men vi lever i ein tid med hard konkurranse og alle kommunar ynskjer nye innbyggjarar og gode tenestetilbod i kommunen.
Det vil seie at vi ikkje kan ta ei positiv utvikling i Fyresdal som sjølvsagt. Vi treng alle gode krefter i bygda for å få dette til.
Fyresdal Arbeidarparti har som dykk no veit reint fleirtal i kommunestyret. Det ynskjer vi sjølvsagt å nytte, men vi ynskjer også å involvere og få innspel frå dykk som er innbyggjarar i Fyresdal.
På ulike vis ynskjer vi innspel om kva som er viktig for å få til ein positiv utvikling i kommunen.
Som eit fyrste steg i å etablere ein tett dialog med dykk ynskjer eg som ordførar og Siw Berve som varaordførar å vere tilgjengelege for samtaler utanom kontortid. Det vil seie at vi vil bytte på å vere til stades på biblioteket kvar onsdag frå kl. 18.00 til kl. 19.30 fom. onsdag 8. november.
Vi har begge profilar på Facebook og vil prøve å legge ut informasjon og svare på spørsmål også her. Vi har og e-post heime som vi les kvar dag, ekjerva@online.no og siwgun@online.no.
I tillegg har ordføraren eigen plass på heimesida til kommunen.
Kommuneinformasjonen vil sjølvsagt og nyttas til ulik informasjon.
Eg gler meg til å ta til som ordførar og trur på at det er mogleg å få til endringar som vil vere positive for Fyresdal.
Ordførar
Erik Skjervagen
Sist oppdatert 12.12.2011