Kontrollutvalet 2011 - 2015
Målet til kontrollutvalet er å sjå til at kommunen følgjer regelverket, og at kommunen er målretta, effektiv og etisk til beste for kommunen sine innbyggjarar.
Medlemer |
Varamedlemer |
Gunhild Austjord (BL), leiar |
- Lars Erik Gangsei
|
Kjell Sverre Thoresen (Sp), nestleiar |
- Per Helge Seltveit
|
Ola Åge Dale (Ap) |
- Tordis Breivik
- Esther Erikstad
- Thorstein Wøllestad
|
Kva er eit kontrollutval?
- Kontrollutvalet er kommunestyre sitt reiskap for demokratisk innsyn og kontroll i kommuneforvaltninga.
- Målet til kontrollutvalet er å sjå til at kommunen følgjer regelverket, og at kommunen er målretta, effektiv og etisk til beste for kommunen sine innbyggjarar.
- Kontrollutvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning og at kommunetyret sine vedtak vert følgde opp.
- Kommunestyre velgjer sjølv kven som skal sitte i utvalet.
- Utvalet sitt arbeid vert regulert av Kommuneloven § 77 og forskrift.
Kven er medlem i kontrollutvalet?
Kommunestyret står fritt til å peike ut medlemmar til kontrollutvalet.
Forskrifta stiller likevel krav om at kontrollutvalet skal ha: minst tre medlemmer, og at minst ein av desse skal vere medlem av kommunestyret.
Medlemmer i kontrollutvalet kan ikkje vere representert i andre politiske utval.
Ansatte i kommunen kan heller ikkje vere medlemmer i kontrollutvalet.
Kan eg som innbyggjar klage på kommunale vedtak til kontrollutvalet?
Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og kan derfor ikkje handsame klager på enkeltsaker.
Kontrollutvalget kan likevel på eige initiativ eller på bakgrunn av konkrete saker og oppfordring frå publikum, vurdere om kommunen sine eigne retningsliner og sentrale lover/forskrifter vert følgde av forvaltninga.
Korleis kjem eg i kontakt med kontrollutvalet?
Sist oppdatert 22.03.2012