Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Forliksrådet

Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker. Det er både meklingsinstans og domstol.

Eit krav om til døme betaling av gjeld, kan fremjast for forliksrådet, for å oppnå ei minneleg løysing, eller få fastslått ved dom at kravet er rettsgyldig.
Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad, og kan verta tvangsfullbyrda av namsmannen.

Alle kommunar har forliksråd. Forliksrådet er sett saman av tre lekfolk og like mange varamedlemmer.
Dei vert valde mellom innbyggjarane i kommunen for fire år av gongen.
Leiar i forliksrådet er Øyvind Johansen tlf. 91 18 56 79.

Forliksrådet har sekretær som står for ekspedisjon og sakshandsaming.
Forliskrådssekretærfunksjonen er lagt til lensmannen i Fyresdal, tlf. 35 04 17 80.

Fyresdal lensmannskontor
Tlf. Telemark politidistrikt  02800 eller 35 90 64 00

Møtedagar for Fyresdal forliksråd 2010

  • 29. januar
  • 26. februar
  • 26. mars
  • 30. april
  • 28. mai
  • 25. juni
  • 27. august
  • 24. september
  • 29. oktober
  • 26. november
  • 17. desember

Alle møta begynnar kl. 09.00

 

 




 

Sist oppdatert 21.01.2010