Gravstell
GRAVSTELL på Moland og Veum kyrkjegard
Dette er eit tilbod til dei som av ulike årsakar ikkje har høve til å stelle gravene sjølve.
Eg tek på meg å stelle graver gjennom sommarsesongen. Vanleg sommarstell startar med klargjering om våren med gjødsling og jordforbetring om nødvendig.
I byrjinga av juni vert det planta sommarblomar. Kva for blomar som vert planta vil variere noko. Gjennom sommaren blir det vatna, luka og plukka visne blomar når det trengst.
Etter sesongen blir det rydda i bedet og lagt på granbar til allehelgenssøndag, som er den fyrste søndagen i november.
I tillegg er det mogleg å bestille lyng om hausten og krans til jol.
Tak kontakt med kyrkjekontoret eller direkte med meg i høve til prisar.
Åse Breiland
Sivilagronom hagebruk
Org.nr. 981 662 954
Tlf. 924 85 094
Sist oppdatert 15.04.2010