Veum kyrkje
Kyrkja vart ferdig i 1863 og er ei langkyrkje bygd etter ei typeteikning av arkitekt C.H. Grosch.
Kunstnaren Kristian Kildal i Asker har laga fargedekorasjonane som er i kyrkja i dag.
Resten av målararbeidet er gjort av lokale handverkarar.
Det nymåla indre vart innvigd i 1957, og kyrkja vart då av biskopen kalla ”den glade bodskaps kyrkje”.
Kyrkjeromet er rik på fargar. Fargane er haldne i gult, raudt, blått og kvitt.
Tidlegare hadde kyrkja eit rosevindauge over inngangsdøra, men dette vart fjerna av di det var i særs dårleg forfatning.
Ei flott og sjeldan prismelysekrone er restaurert og hengt opp att i midtgangen.
Orgelet er det tidlegare orgelet i Moland kyrkje, restaurert og montert i 1979.
Dette er eit godt orgel som fyrst kom frå Gjerpen kyrkje til Moland kyrkje.
Kyrkjeromet har eit varmt og ljost preg, og dette står difor i kontrast til det ytre, noko strenge, preget som kyrkjer av denne typen har.
Om orgla i Veum og Moland kyrkje
Sist oppdatert 21.01.2010