Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Overformynderiet

Overformynderiet har lovheimelen i lov om verjemål med dei forskrifter som høyrer til. Overformynderiet har ein forretningsførande overformyndar som har den "daglige" drifta og ein kontrollerande overformyndar. Her i Fyresdal er det Lise Libjå som er vald til forretningsførar og Arve Levang er kontrollerande. Rekneskapsførar for overformynderiet er Ruth Krossli.

Kva er overformynderiet og kva oppgåver har det?

Overformynderiets oppgåver:

  • Dei personar som av medisinske årsaker trenger hjelp for å:
    • ta vare på sin økonomi
    • få dei økonomiske rettighetar dei har krav på
    • få den pleie og omsorg dei bør og ha kontroll med dette.

  • Umyndige personar (mindreårige, barn under 18 år) som har formue over kr. 75.000,- og umyndiggjorte personar over 18 år som treng hjelp tilsvarande punkt 1. 

    Skifteforvalteren og overformynderne i den kommune der vergemålet førast, oppnevner i fellesskap verger og hjelpeverjer, og fratar dem eller fritar dem for vergemålet.

Kva krevjast for å få hjelp av overformynderiet. 

  1. Ein myndig person grunna sinnsliding, andre psykiske forstyrrelesar, senil demens, psykisk utviklingshemming eller kroppsleg funksjonshemming ikkje kan ivareta sine interesser vedkomande økonomi og eigedom, kan ved behov få oppnemnt hjelpeverje.
  2. For mindreårige som ikkje har verje, og for den som er umyndiggjort, skal det oppnemnes verje. (Verje for mindreårig er den eller de som har foreldreansvaret for barnet etter barneloven). 

Kven kan sende inn søknad om hjelpeverje:

  • vedkommande sjølv
  • foreldre, sysken eller den/dei som har et hovudansvar for vedkommande
  • ansvarshavande lege eller tilsynslege ved helseinstitusjonen der vedkommande er innlagt 

For dei som er innlagt på institusjon eller bustad med heildøgns pleie, skal institusjonen melde frå dersom ein person har behov for hjelpeverje.
Søknaden skal sendast til overformynderiet på skjema fastsett av Justisdepartementet.
Ved søknaden skal føreligge legeerklæring som tilfredsstiller de medisinske krava som er nemnt (§90a).

Kva gjer overformynderiet for den hjelpetrengjande

  • oppnemne hjelpeverje for vedkommande og gje han/ho eit mandat og fullmakter etter det behovet som trengs.
  • ha samarbeid og revisjon med hjelpeverja og godkjenne hjelpeverja sit regnskap for vedkommande, slik at hjelpeverja handlar til beste for vedkommande.
  • forvalte vedkommande sine midlar slik at dei får best mogleg avkastning, men etter gjeldande forskrifter.
  • ta til forvaltning midlar over kr. 75.000,- som kjem inn til vedkommande (og mindreårige og umyndiggjorte) som f.eks. arv, forsikringar, gåver o.a.
  • godkjenne søknader frå hjelpeverja/den hjelpetrengande om større pengebeløp til den hjelpetrengandes beste.
  • godkjenne sal og kjøp av fast eigedom, eventuelt opptak av lån.
  • godkjenne arv, arveoppgjør der vedkommande er part.
  • godkjenne arv, arveoppgjør og "uskifte bo" der mindreårige og umyndiggjorte er part.
  • godkjenne fråskriving av odelsløysning for mindreårige og umyndiggjorte.
  • godkjenne andre større eventuelle forandringar i/og av vedkommandes midlar.

Håndbok for overformynderiene


Overformynderiet kan kontaktast :
FYRESDAL KOMMUNE
Overformynderiet i Fyresdal
V/Lise Libjå 
3870 Fyresdal 
Telefon Mob.tlf. 97675772 

E-post - lise.libja@fyresdal.kommune.no

Rekneskap: Ruth Krossli
Fyresdal Kommune 35 06 71 00

Meir informasjon om overformynderiet finner du i:" Lov om vergemål for umyndige"

Vektskål

 



Sist oppdatert 10.02.2010